Selskapsavtale for GassROR IKS

Her finner du selskapsavtalen for GassROR IKS nedenfor, samt en mulighet for å laste ned et PDF-dokument av denne avtalen dersom du trenger det.

Last ned (PDF, 155 kB)

GassROR IKS blei stifta 16.12.2005. Stiftarar var kommunane Aukra, Eide, Fræna. Midsund og Molde. Alle med like delar (1/5), med ein totalt eigarkapital på 1.000.000 kroner. Selskapet ble utvida med Møre og Romsdal fylkeskommune - til 6 medlemmer i 2006. I 2015 ble GassROR IKS også utvida med kommunen Nesset, Rauma og Vestnes, til totalt 9 medlemmer med like delar. Som følgje av kommunereformen har selskapet følgjande medlemmer frå og med 01.01.2020: Kommunane Aukra , Hustadvika, Molde, Rauma, Vestnes og Møre og Romsdal fylkeskommune – alle med like delar.

Etter Lov om interkommunale selskap av 29.01.1999 nr. 6 (IKS-lova).

Selskapsavtalen tar til å gjelde frå og med 01.01.2020.

§ 1 Selskapet og deltakarane

Selskapets namn er GassROR IKS. Selskapet har kontoradresse i Aukra kommune. GassROR IKS er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Aukra (1/6), Hustadvika (1/6), Molde (1/6), Rauma (1/6), Vestnes (1/6) og Møre og Romsdal fylkeskommune (1/6). Andre kommunar har høve til å søkje om medlemskap.

§ 2 Formål

Selskapet sitt verkeområde er avgrensa til prosjekt/tiltak som eigarkommunane har nytte av.

Selskapet har som formål å medverke til utvikling av Molderegionen, slik at det blir en attraktiv region som tiltrekker seg kompetent arbeidskraft gjennom satsing på:

  • Fysisk infrastruktur (t.d. veg, flyplass, sjøverts trafikk, breiband, vass- og gassforsyning).
  • Forsking og utvikling.
  • Tilrettelegging for næringsutvikling/samfunnsutvikling (t.d. generelle utviklingstiltak, utgreiingar, industriområde, kunnskapsinfrastruktur).
  • Vidareutvikle Nyhamna i Aukra som nasjonalt gassknutepunkt.

Støtte fra selskapet kan gjevast i form av tilskot, ansvarleg lån eller aksjekapital ved bruk av grunnkapitalen og tilskotet fra eigarkommunane. Bedriftsretta tiltak kan ikkje støttast.

GassROR IKS skal bidra til ei effektiv og samordna leiing av interkommunale/regionale tiltak innafor selskapets sitt verkeområde.

§ 3 Representantskap

Eigarane utøver sitt mynde i selskapet gjennom representantskapet. Representantskapet er selskapet sitt øvste organ.

Dei deltakande kommunane vel kvar 1 representant med personleg vararepresentant til representantskapet med unnatak for Aukra kommune som vel 2 representantar med personlege vararepresentantar til representantskapet. Som representantar skal fortrinnsvis veljast ordførarane i eigarkommunane med varaordførarane som vararepresentantar.

Leiaren i representantskapet skal utpeikast av og mellom Aukra kommune sine representantar. Leiaren har dobbeltstemme når det er stemmelikheit.

Representantskapet kjem saman minst to gonger i året. Årsmøtet skal haldast seinast innan utgangen av april månad.

§ 4 Representantskapets mynde og oppgåver

Representantskapet skal ha følgjande oppgåver:

  • Sjå til at selskapet blir drive etter formålet sitt og i samsvar med lover og vedtekter.
  • Handsame selskapet si årsmelding og rekneskap, handlingsplan, budsjett og økonomiplan samt andre saker som etter lova tilligg representantskapet.
  • Fastsette fullmakter til styret og/eller vedta retningsliner for styret sitt arbeid.
  • Val av styre samt leiar og nestleiar i styret.
  • Val av revisor og godkjenning av godtgjersle til revisor.
  • Val av valkomite• Fastsetjing av godtgjersle til representantskap og styre.
  • Framlegg om endring av selskapsavtalen.
  • Andre saker som styret vil ha behandla i representantskapet.
  • Andre saker som representantskapet sjølv tek opp.

Vedtak i representantskapet skal godkjennast av kommunane dersom dette blir kravd etter lov om IKS eller andre lover. Handlingsplan, økonomiplan, budsjett, rekneskap og utskrift fra møteboka skal sendast medlemskommunane som melding.

§ 5 Styret og styrets samansetjing

Styret består av 6 medlemmer med personlege varamedlemmer. Krav til kjønnssamanseijing av styret går fram av IKS lova § I 0,1. ledd siste pkt.

Styremedlemmene/varamedlemmene blir valde for to år der halvparten av medlemmene er på val kvart år.

§ 6 Styrets mynde

Forvaltninga av selskapet hører inn under styret, som har ansvar for ein tilfredsstillande organisering av selskapet si verksemd. Styret skal sjå t i l at verksemda vert driven i samsvar med selskapets sitt formål, selskapsavtalen, selskapets sitt årsbudsjett og andre vedtak og/eller retningsliner som er fastsett av representantskapet.

Styret skal sjå til at bokføring og formuesforvaltning er gjenstand for tryggande kontroll. Styret skal ha tilsyn med dagleg leiar si leiing av verksemda.

§ 7 Dagleg leiar

Selskapet skal ha ein dagleg leiar med mynde og oppgåver slik det går fram av IKS-Iova.

§ 8 Finansiering av selskapet

Selskapet har ein innskotskapital på 1.200.000 kroner.

Kommunane betaler inn sin del av kapitalen (eigardel) i høve den prosentvise eigardel slik denne går fram av § 1.

Til dekning av selskapets si årlege drift - herunder vedlikehald av innskotskapital jfr. § 2, skal dei deltakande kommunane kvar årleg bidra med tilskott tilsvarande 10 % av den maksimalt innfordringsbare eigedomskatt etter eigedomsskattelova knytt til gassbehandlingsanlegget på Nyhamna. (t.d. landanlegg, røyranlegg på havbotn, kraftlinjer, telenett/-stasjonar). Tilskottet skal for kvar deltakarkommune utgjer minst kr 25 (i 2012) pr innbyggjar pr 01.01. i budsjettåret. Den årlege satsen pr. innbyggar vert auka med 5 % pr. år. Møre og Romsdal fylkeskommune skal betale inn eit årleg beløp fastsatt av fylkestinget.

§ 9 Nye medlemmer

Vedtak om opptak av ny(e) medlem(mer) krev samtykke fra alle dei andre eigarkommunane. Opptak av ny(e) medlem(mer) krev endring av selskapsavtalen, jfr. IKS lova§ 4, 2. ledd, L pkt.Spørsmål om opptak av ny(e) medlem(mer) skal først leggjast fram for representantskapet til uttale.

§ 10 Sal av eigardel / uttreden av selskapet

Sal av eigardel (eigarskifte) og uttreden av selskapet er regulert i IKS lova§§ 26 og 30. Utmelding av ein kommune skal skje med minst eitt års varsel. Oppseiingstida vil gå heile det påfølgjande kalenderår. Ellers gjeld IKS-Iova § 30.

§ 11 Endringar

Endringar i selskapsavtalen må godkjennast av alle eigarkommunane. Elles gjeld IKS-Iova § 4.

§ 12 Anna avtaleverk

Deltakarane inngår ei eiga deltakaravtale om forhold som ikkje er uttømmande regulert iSelskapsavtalen.

§ 13 Tvist

Tvist om tolking av selskapsavtalen mellom eigarkommunane og/eller eigarkommunane og selskapet blir avgjort med bindande verknad ved valdgift etter reglane i Lov om voldgift, likevel slik at sorenskrivaren i Romsdal eller den han gjev mynde aleine utgjer valdgiftsretten.

§ 14 Anna

For tilhøve som ikkje er omtala i denne selskapsavtalen gjeld IKS-Iova.

Molde, 13.12.2019

Aukra kommune - Molde kommune - Rauma kommune - Hustadvika kommune - Møre og Romsdal fylkeskommune - Vestnes kommune