Ormen Lange - 20 år sidan Stortinget sitt ilandføringsvedtak.

Den 2. April 2004 gjorde Stortinget eit vedtak som har vist seg svært viktig for Romsdalsregionen, vedtaket om “plan for utbygging og drift av Ormen Lange og tillatelse til anlegg og drift av landanlegget på Nyhamna”.

Gjennomføringa av vedtaket har tilført regionen store verdiar og gitt sterke vekstimpulsar, langt utover det ein såg for seg for 20 år sidan. Både dei direkte verknadane gjennom auka regional sysselsetting, og dei indirekte verknadane både i anlegg- og driftsfase har blitt langt større enn det departement og direktorat “spådde” før oppstart. Dette er dokumentert gjennom fleire analyser frå Møreforsking med Arild Hervik i spissen.

“Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss.” (Jan P. Syse)

At ein klarte å samle kommunane i fylket om ein strategi var avgjerande både for å sikre ilandføring, at Aukra vart valt som ilandføringsstad, og at heile regionen fekk nytte av Ormen.  Dåverande fylkesordførar Ole Eimund Øverland, som var svært sentral i prosessen, seier det slik: “Vårt bodskap til alle var frå første dag at det å få gassen til land er ei så vanskeleg oppgåve i ei eigargruppe der alle tenker offshoreutbygging at berre det absolutt beste ilandføringsalternativet må finnast - om det skal ha den minste sjanse til å konkurrere med utbygging offshore. Kommunane var lojale mot dette.” Hadde vi halde liv i lokaliseringsdebatten her i fylket, hadde neppe gassen kome til land i det heile tatt.

I Romsdal Budstikke kunne vi 31. Oktober 2000 lese ein artikkel med overskrifta: Går samlet inn for gass til Romsdal”. Her fortel ordførarane i Molde, Aukra, Midsund og Fræna at dei er blitt samde om at: “Kommer ett eller flere av ilandføringsalternativene på Romsdalskysten til finaleomgangen, vil Aukra, Fræna, Midsund og Molde samlet gå inn for det eller de alternativer Hydro ønsker å gå videre med. Hydro har gitt uttrykk for at en ønsker å være velkommen på stedet som blir valgt, noe som betyr at lokal motstand og konflikter åpenbart blir tillagt betydelig vekt.” Dette er første steg på vegen til det som skulle bli GassROR – eit heilt unikt samarbeid og eit regionalt fond for samfunnsutvikling.

GassROR vert til.

Seinhaustes 2001 dannar Fræna, Molde og Midsund samarbeidsforumet GassROR og få månader seinare blir Aukra, Sandøy og Eide med. Omlag eit  år seinare underteikna kommunane ei samarbeidsavtale med følgande hovudpunkt:

  • Alle kommunane skulle arbeide for at det blei ilandføring av gass til Aukra.
  • Dersom det blei ilandføring skulle dei utgiftene Aukra fekk dekkast av alle 6 kommunane.
  • Dersom det blei ilandføring skulle det etablerast eit fond for næringsutvikling i regionen finansiert av ein del av meirinntektene kommunane fekk grunna ilandføring.

Den 2. April 2004 gjer Stortinget følgande samrøystes vedtak:

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet godkjenner plan for utbygging og drift av Ormen Lange og gir tillatelse til anlegg og drift av landanlegget på Nyhamna.

I 2005 vert GassROR etablert som eit  Interkommunalt selskap, Sandøy kommune går ut av samarbeidet og fylkeskommunen blir med på laget. Selskapet skal forvalte eit regionalt utviklingsfond, og det vert utarbeide både retningslinjer for fondet og korleis det skulle finansierast.

I 2015 vert Nesset, Rauma og Vestnes innlemma i selskapet.

400 millionar til regional utvikling

Fondet er finansiert med 10% av eigedomsskatten Aukra og Hustadvika kommunar får frå utbygginga, eit fast tilskot frå fylkeskommunen, samt tilskot basert på innbyggartal frå dei andre kommunane. I eit normalår utgjer bidraget frå Aukra nesten 90 % av fondet.

Sidan starten i 2007 har GassROR IKS delt ut nesten 400 millionar kroner til ulike tiltak i regionen, og dei årlege rammene ligg no på nær 30 millionar. Tilskota frå GassROR utgjer i dei langt fleste tilfella mindre enn 50 % av tiltaket sitt totalbudsjett. Dette betyr at fondet i desse åra har bidrege til å realisere samfunnsutviklingstiltak for fleire milliardar i Molde- og Romsdalsregionen. Mange av desse tiltaka ville aldri blitt realisert utan støtte frå GassROR, eller dei ville blitt langt mindre omfattande.

Om det var dette dei såg for seg hausten 2000 dei framsynte ordførarane veit eg ikkje, men dei har i alle fall all grunn til å vere stolt av resultatet.

Lista over tilskot er lang, fleire hundre i talet, og strekker seg frå 10 tusen kroner til eit nærmiljøtiltak til 90 millionar til Haukebøtunellen og 70 millionar til nysjukehuset på Hjelset.

Viktige aktørar innafor næringsutvikling i regionen som iKuben og Protomore har opp gjennom åra fått viktige bidrag frå fondet, og hadde nok ikkje vore det dei er i dag utan.

Reiseliv har blitt ei stor næring i regionen, og GassROR har gitt støtte i millionklassen til Midsundtrappene, Prestakslatrappa, sjøfront både i Vestnes og i Molde og Romsdalsgondolen for å nemne nokre få.

Kultur er viktig for trivsel og ein attraktiv region. Mange av dei store, regionale kulturinstitusjonane og arrangementa, som t.d. Moldejazz, Rauma Rock,  Atlanterhavsspelet  og Romsdalsmuseet har fått støtte, men og mange mindre festivalar og arrangement står på lista over tilsegn. Idretten har sin naturlege plass i ein attraktiv region, og i den kategorien finn vi store beløp til t.d. Skaret skisenter og ny bilbane i Malmedalen, men og mange mindre beløp til alt frå lys i lysløyper til ballbingar.

Dette er berre eit lite utval – og vi ser fram til å støtte viktige initiativ også i åra som kjem.

Klar for dei neste 20 åra

For å få eit enno betre kunnskapsgrunnlag om utvikling og utfordringar i regionen har GassROR tatt initiativ til å samle sentrale aktørar i det vi har kalla “Romsdalspanelet”. Gjennom dialog med og mellom viktige samfunnsaktørar i regionen skal vi ivareta arven frå dei som gjorde jobben for å sikre “Ormen til Aukra” for meir enn 20 år sidan.  

Vi trur at regionen treng enno meir samarbeid og samhald i ein realitet med skjerpa kamp om ressursane, arbeidskrafta og kunnskapen. Framover ønskjer GassROR å ta ein meir aktiv rolle i arbeidet med å skape eit attraktiv region, og har vedtatt ei spissa strategisk plattform der det særleg blir peika på innovasjon, regionbygging og strategisk samarbeid som viktige område.

Vi vil framover fokusere enno meir på dei store samfunnsutfordringane regionen står overfor, anten gjennom å delta i å utvikle andre sine initiativ eller ta eigne initiativ til større utviklingsprosjekt. Vi skal legge til rette for auka og meir forpliktande samarbeid i regionen, og strategisk samarbeid utover regionen der vi er tent med det.

“Ormen” er sjølve fasiten på korleis ein region skal lukkast saman, og gevinsten, eit heilt unikt fond for regional utvikling, gir oss muskelen for å lukkast også i framtida.

Kontakt

Ole Helge Haugen
Daglig leder
E-post
Mobil 99 62 80 55
Helge Kjøll jr.
Telefon 95 87 69 37
Per Sverre Ersvik
Styreleder
Mobil 41 51 23 10