Men kven fekk midlar, og kva gjekk pengane til? Her kan du lese om nokre av tiltaka, og nedst i artikkelen finn du lenke til ei full oversikt over tildelingar i 2024.
Kompetanseutvikling.
Kompetanse er ein viktig drivar for utvikling i regionen, og for GassROR er det derfor viktig å støtte opp om tiltak som styrkar dette. På årets siste styremøte blei årets største tilskot gitt, nettopp til kompetanseutvikling. Høgskolen i Molde fekk 7,5 millionar til å auke talet på doktorgradsstipendiatar ved institusjonen. Tiltaket er eit samarbeid mellom GassROR og Sparebanken Møre og du kan lese kva Høgskolen sjølv skriv om tildelinga her.
Men også andre tildelingar i 2024 fell inn under det strategiske viktige området kompetanseutvikling. SINTEF Nordvest har tatt initiativ til eit samarbeid mellom forskingsmiljøa i regionen, og fekk ei støtte på 1,2 millionar til prosjektet dei har kalla FOKUS.
I eit samarbeid med Sparbankstiftelsen Nordvest har GassROR gitt 1,5 mill. til Tingvoll Økopark si satsing på eit tre-årig utviklingsarbeid, saman med romsdalskommunar for å utvikle og omsette i praksis løysningar på ein av våre største samfunnsutfordringar; klima og faren for naturtap.
Nordveggen på Åndalsnes sitt pilotprosjekt «KompetanseHUB Romsdal» bidreg og til å styrke kompetanseutviklinga i næringslivet i regionen og fekk støtte på 1 mill..
Også Aukra og Hustadvika kommunar si satsing på «Ungdomsfiske» er med å styrkar kompentansen i regionen og gir ungdom moglegheit til å teste eit yrke som står sterkt her i distriktet.
Legg vi til at det nystarta Romsdal Senioruniversitet fekk 150 tusen i støtte til etablering gjennom «Småtiltakspotten» viser det at kompetanseutvikling er eit viktig område for GassROR og det er mange spanande prosjekt i regionen.
Kultur, reiseliv og friluftsliv.
Kulturinstitusjonar og -aktivitetar er viktige for å skape ein attraktiv region. I vår region er reiseliv, friluftsliv og kultur tett knytt saman.
Plassen i Molde er eit kulturbygg som huser institusjonar og aktivitetar med nasjonal og regional nedslagsfelt. GassROR har i 2024 gitt tilsegn om 1,5 mill. til ombygging og utvikling av lokala slik at institusjonane som er der kan gje eit enno betre regionalt tilbod i framtida.
Tilrettelegging for friluftsliv er eit område med mange søknader og kvart år. Mange lokale tiltak får tilskot gjennom «småtiltakspotten», medan større tiltak med regional verknad kjem under dei regionale tiltaka. Prestakslastien har fått tilskot også tidlegare, og fekk i år 600 tusen til byggetrinn 2. Det same gjeld for Romsdaleggen med 500 tusen i tilskot til utvikling av «Romsdalstrappa». Arbeidet med å utvikle «Atlanterhavseggen», fjellpartiet mellom Trollkirka og Naas/Bergtatt til eit turistmål fekk 200 tusen i støtte.
GassROR har støtta arbeidet med restaurering av «Galeasen Søblomsten» sidan oppstarten og ga i 2024 eit tilskot på 1 mill..
Kulturarrangement som Atlanterhavsspelet og Molde Mundo fekk støtte til etablering eller vidareutvikling.
Idrett
Idrettsanlegg og arrangement får og etablerings – og utviklingsstøtte frå GassROR. Her blir det gitt mange tilskot til mindre, lokale tiltak og aktivitetar gjennom «Småtiltakspotten», medan større etableringar og utviklingstiltak med regionalt nedslagsfelt kan søke regionale midlar.
Malmedalen Bilsportanlegg med eit budsjett på nærare 10 mill. er det største tiltaket GassROR har støtta innafor denne kategorien i år. Eit tilskot på 1,5 mill. er eit vesentleg bidrag for å realisere dette anlegget.
Småtiltakspotten
«Småtiltakspotten» er retta mot mindre tiltak og er tiltenkt lag, foreiningar og liknande. Her blei det innvilga tilskot til heile 57 ulike tiltak med ein samle tilskotssum på 2,5 millionar kroner.
Det blir for langt å omtale alle gode tiltak vi har bidratt til i 2024, men du kan finne ei fullstendig oversikt over tilsegn ved å klikke på knappen nedst på sida.
Regionale tiltak_24 (PDF, 118 kB)
Småtiltak_24 (PDF, 145 kB)